scroll
︎︎︎



scroll
︎


 
Exposé* er ein direkte og open inngong i ein prosess der utforsking og utvikling går hand i hand med behovet for og forventinga til dokumentasjon.

Vi – tekstforfattar og poet Kjersti Wøien Håland og dansekunstnar Jonas Øren – utforskar narratologi* gjennom tekst, rørsle, dans og koreografi. I forkant av og i løpet av prosessen samtala vi oss fram til eit felles interessefelt som drar einsemd og isolasjon saman med sjølviscenesetjinga og ytringsbehovet av samtida.

Prosjektet er forankra i utforskinga av korleis dans og beskrivande scenetekstar kan informere kvarandre.
Arbeidet med tematikken vart til to scenetekstar: Ein handlande- og ein snakkande tekst (dialog).

I utforsking og utprøving  vurderer vi det instinktive og reaksjonelle i kroppen sett opp mot det tekstlege. Vi arbeida med klare tidsrammer, og difor også med innforstått hast [urgency].  Vi er interessert i å sjå korleis tematikken informerer metodane vi nyttar, og korleis dette igjen flyt  inn i arbeidet med tekstutvikling og dans.


*narratologi

Narratologi handlar om korleis forteljingar er bygd opp. Performance-teoretikar og forfattar Mieke Bal, skriv i boka NARRATOLOGY – Introduction to the theory of narrative (1985) «[Narratology] has been made for the sake of understanding, of the possibility of exchange of opinions, and of emancipation from intimidation». Bal si forståing av begrepet understreker korleis oppbygginga av forteljingar handlar om utveksling og utviding, men også frigjering frå frykta om å misforstå og feiltolke.

*exposé

Exposé betyr å utlevere; ofte å utlevere noko skamfullt om nokon andre og kan referere til ein type utleverande journalistikk, eller sladder. Vi ga prosjektet denne tittelen fordi vi i samtalar om prosjektet  var interessert i eksponering og iscenesettelse av sjølvet, å bli utlevert av seg sjølv eller ei ytre samfunnskraft.


Saman ser vi på korleis det personlege kan presenterast som exposé. Forståinga av narratologi opnar opp for ei type  – gjerne ukritisk (?) – utlevering  skapt innanfor medium vi opererer innanfor. 







Du/dere som er inne i dette digitale visningsrommet kan røre dere fritt og som dere vil ved å scrolle mellom dei ulike delane. 

︎︎︎Om du/dere er interessert i å følgje våre visningsforlag, ber vi dere følgje introtekstane i kvar del. 
(vi anbefaler å følge denne presentasjonen på laptop/dektop/tablet)















Pre scriptum




Introduksjon av tematikken som ligg bak prosjektet. Ein samtale mellom Kjersti og Jonas.




20. februar







︎︎︎ Høyr samtalen før du scroller vidare.










Tekstane


︎︎︎ Les eller høyr dialog-teksten 



Dialog
A: det som er så vanvittig er at når vi snakkar om propaganda sånn som det eksisterer i dag så er det ikkje det der gamle bildet—du veit—av ein plakat som fortel deg kva du skal tenke og ikkje. Riktig og galt, med eit maskingevær bak. Nå er det meir at ein seier alle ting samtidig så alle kan identifisere seg med noko, og ingen eigentleg følger med på det som blir gjort.

B: eg veit ikkje om eg vil seie at alle kan identifisere seg.


A: nei, kanskje ikkje. Det eg meiner er at ingen kan ta dei på noe, ikkje sant. Dei seier eit eller anna utrolig—la oss seie sexistisk for eksempel – og så etterpå kjem det ut ein kvinnelig politikar som representerer same parti og er i harnisk fordi folk tør å kalle dei sexistiske, og lister opp alt dei gjer for kvinner– ok detta eksempelet var litt vagt-- men det eg meiner er at det er double speak. I alt da. Og det er ikkje berre i statsmakta, men i alle stader der nokon prøver å kommunisere til ei stor gruppe. Influencers, artistar.

B: Ok, men eg veit ikkje om ein kan kalle det propaganda? Eller kan ein det når dei som er avsendarane kanskje er forvirra sjølv på kva dei meiner. Eller det som er ein litt ubehagelig sannhet er jo også at menneske er i stand til å meine to ganske motstridande ting på same tid.


A: Ja, men dei meiningane har ein jo også frå ein stad… Visste du at dei marknadsførte sigarettar til kvinner som eit feministsymbol?

B: Nei, det har eg ikkje hørt.

A: Ja, det var visst sånn at ingen kvinner røyka, bortsett frå prostituerte. Fordi det vart sett på som eit fallossymbol. Men så var det ein genial person som fann ut at dei kunne selje dobbelt så mykje om dei fekk alle kvinner til å røyke. Så dei fekk feministar til å gå i tog med sigarettear som eit frigjøringssymbol. Dei kalla det «the torch of freedom»

B: haha. Det er sjukt.

A: Ja og det er nettopp den forvirringa som oppstår da. Det er jo eigentleg litt fucka at kvinner ikkje kan røyke på grunn av noen gammaldagse sexistiske normer, men det er jo også ganske fucka og si «her er friheten din med ein side-effekt av lungekreft».

B: ja som at nokon kan seie at det å legge seg under kniven for å fikse opp kroppen plutselig er ein eller anna form for frihetskamp. Og det er jo på ein måte populært no, å vere aktivist eller iallfall framstille seg som det. Så ein prøver kanskje putte det inn i alt ein gjer.

A: Eg skjønner kva du meiner.

B: Og samtidig tenker litt på den der memen der det er ein teikning av ein bonde i eit slags føydalsamfunn som seier at ein burde forbetre nokre ting og så dukkar det opp ein mann som seier «å så du vil endre samfunnet, men du deltar jo i det.»

A: det er vel ikkje akkurat det same.

B: eg veit ikkje, det er jo den der reinheitstankegangen da. At for ei tid tilbake, om ein fronta ein politisk sak så hadde jo ikkje alle tilgang på all informasjon om kven du er. Det var ikkje viktig. Sikkert mange i store politiske rørsler som ikkje levde fullstendig etter alt dei sa, men likevel meinte det, og likevel endra verda.

A: Ja men forskjellen er jo alltid kva ein kapitaliserer på.

B: Alle veier fører til kapitalisme.

A: alle veier er bygd av kapitalister som har vunne eit anbod i ein statlig konkurranse fordi dei har underbetalte arbeidarar frå andre land som bringer ned kostnaden.

B: haha. Sant. Veldig sant.

A: Ok, det er på tide med ein pause her. Ukas annonsør er BeautyTech som har samarbeida med oss i «Radikal agenda» med å gi deg ein rabatt på alle deira velværeprodukt. Berre skriv inn kodeord «radikal» når du handler å få 15% rabatt på alle deira varer.


















om