scroll
︎


 
Exposé* er ein direkte og open inngong i ein prosess der utforsking og utvikling går hand i hand med behovet for og forventinga til dokumentasjon.

Vi – tekstforfattar og poet Kjersti Wøien Håland og dansekunstnar Jonas Øren – utforskar narratologi* gjennom tekst, rørsle, dans og koreografi. I forkant av og i løpet av prosessen samtala vi oss fram til eit felles interessefelt som drar einsemd og isolasjon saman med sjølviscenesetjinga og ytringsbehovet av samtida.

Prosjektet er forankra i utforskinga av korleis dans og beskrivande scenetekstar kan informere kvarandre.
Arbeidet med tematikken vart til to scenetekstar: Ein handlande- og ein snakkande tekst (dialog).

I utforsking og utprøving  vurderer vi det instinktive og reaksjonelle i kroppen sett opp mot det tekstlege. Vi arbeida med klare tidsrammer, og difor også med innforstått hast [urgency].  Vi er interessert i å sjå korleis tematikken informerer metodane vi nyttar, og korleis dette igjen flyt  inn i arbeidet med tekstutvikling og dans.


*narratologi

Narratologi handlar om korleis forteljingar er bygd opp. Performance-teoretikar og forfattar Mieke Bal, skriv i boka NARRATOLOGY – Introduction to the theory of narrative (1985) «[Narratology] has been made for the sake of understanding, of the possibility of exchange of opinions, and of emancipation from intimidation». Bal si forståing av begrepet understreker korleis oppbygginga av forteljingar handlar om utveksling og utviding, men også frigjering frå frykta om å misforstå og feiltolke.

*exposé

Exposé betyr å utlevere; ofte å utlevere noko skamfullt om nokon andre og kan referere til ein type utleverande journalistikk, eller sladder. Vi ga prosjektet denne tittelen fordi vi i samtalar om prosjektet  var interessert i eksponering og iscenesettelse av sjølvet, å bli utlevert av seg sjølv eller ei ytre samfunnskraft.


Saman ser vi på korleis det personlege kan presenterast som exposé. Forståinga av narratologi opnar opp for ei type  – gjerne ukritisk (?) – utlevering  skapt innanfor medium vi opererer innanfor. 







Du/dere som er inne i dette digitale visningsrommet kan røre dere fritt og som dere vil ved å scrolle mellom dei ulike delane. 

︎︎︎Om du/dere er interessert i å følgje våre visningsforlag, ber vi dere følgje introtekstane i kvar del. 
(vi anbefaler å følge denne presentasjonen på laptop/dektop/tablet)















om