︎︎︎Les den handlande teksten



Handlande tekst
Kvark har bestemt seg for å filme ein heilt vanleg dag. Han skal filme seg sjølv frå han står opp til han legger seg. Han har tenkt til å bryte opp alt det falske som går føre på sosiale mediar, og vise alle følgjarane sine at han har eit heilt vanleg liv. Han står opp og filmar seg sjølv medan han står opp. Han ser seg i spegelen og filmar seg sjølv i spegelen. Han filmar seg sjølv medan han lagar frukostblanding og et. Han beklagar for støyen fordi det er nokon som fiksar eit eller anna på taket. Banking, during og smell. Det er autentisk.


Han filmar seg sjølv når ein mann fell gjennom taket og krasjar ned i golvet framfor han. Mannen ligg på magen med ansiktet ned i golvet. Kvark fortset å filme. Mannen byrjar å prate og sukke så Kvark konkluderer med at han ikkje er død, og han ringer ein ambulanse. Kvark fortset å filme. Han rettar kamera opp mot holet i taket, og ned mot mannen. Han snur mannen over på sida. Då ser han at mannen som kom ned gjennom taket, og krasja ganske uinvitert inn i livet hans, er han sjølv. Det er ein mann med same kropp og same ansikt som Kvark. Kvark stoppar å filme. Han tar tak i føtene til mannen som har hans ansikt og hans kropp, og drar han inn på soverommet og stappar han inn i skapet.

Ambulansepersonalet dukkar opp, og Kvark forklarar at det var falsk alarm.


Ambulansepersonalet går ut og Kvark blokkerar skapdøra med ein stol. Kvark tar opp telefonen igjen, og startar dagen sin på nytt. Han lagar seg ein ny bolle med frukostblanding og filmar at han et den i senga. Han fortel inn i kamera om korleis han sliter med psyken og at det av og til kan vere veldig hemmande. På sånne dagar et han frukost i senga. Han filmar at han jobbar på datamaskina si ved skrivebordet, han filmar at han bestiller take-away. Han filmar medan han et og ser på ein tv-serie han likar, som han har sett før. Han filmar at han sovnar på sofaen og søv litt for lenge. Han filmar at han tar eit bad og at han går og legg seg. Han lukkar auga og har hatt ein heilt vanleg dag. Han sovnar og søv godt heile natta. Han vaknar og legg ut den redigerte videoen av ein vanleg dag. Alle følgjarane elskar den og føler at endelig nokon har vist ein heilt vanleg dag. Han svarar på kommentarane med hjarter.


Lydar frå skapet. Banking og prating. Kvark reiser seg opp irritert og bankar tilbake på skapdøra. Det blir stille og han går tilbake til telefonen. Det bankar hardare og Kvark går bort til skapet, opnar døra så mannen, med hans ansikt og hans kropp, fell ut. Kvark tar tak i føtene hans og drar han bort til den franske balkongen, opnar døra og dytter mannen utfor. Han høyrer eit smell frå kjøkkenet. Han går inn dit og ser at mannen har krasja inn gjennom holet i taket igjen. Kvark tar tak i føtene, drar han ut på stua og kastar han utfor den franske balkongen igjen. Eit nytt smell frå kjøkkenet. Kvark går inn igjen på kjøkkenet og tar tak i mannens føter og drar han med seg ut til den franske balkongen, finn fram gaffateip og vekter og  tunge bøker. Han festar dei til kroppen hans, og kastar han ut døra. Han høyrer eit smell frå kjøkkenet.


Han går inn på kjøkkenet og lenar seg inntil hovudet til mannen som har Kvark sitt ansikt og Kvark sin kropp. Han spør kva han vil og kvifor han er der. Det hjelper ikkje. Kvark oppdagar at mannen ikkje pustar. Kvark oppdagar at han ved uhell har filma heile seansen live. Kvark ser at ein følger kommenterer at dei syns det er ein veldig viktig kommentar på eksponering av sjølvet i ei individfokusert samtid. Ein anna seier at han ringer politiet. Kvark går ut til den franske balkongen og filmar medan han sjølv hoppar ut. Han fell inn gjennom taket og landar på kroppen til mannen. Han smeltar saman med kroppen til mannen som har hans kropp og hans ansikt. Han reiser seg opp og riv gaffateipen av huda, han går ut av rommet og ser på telefonen. Han stillar seg opp framfor spegelen. Ein heilspegel, så han kan sjå seg sjølv slik andre ser han: på avstand. Han tar opp telefonen og ser at han har no nådd ein million følgjarar. Han ser seg i spegelen og byrjar å filme.


om